Brageteateret: Kunsten å være lykkelig

Om arrangementet

Av Rune David Grue.
Fritt etter Arthur Schopenhauer.

Er det nokon vits i å prøve å bli lykkeleg?

Ikkje ifølge filosofen Arthur Schopenhauer. Menneske er blinde, dumme og kåte i desperat leiting etter lykke – meinte han. Jaget etter sex, pengar, materielle ting og ambisjonar gjer oss berre meir ulykkelege.

Den danske dramatikaren Rune David Grue har teke Schopenhauer sine levereglar frå 1800-talet inn i ein banal, moderne kvardag. I forestillinga møter me seks menneske på jakt etter lykka. Gong på gong blir dei skuffa. Frode Gjerløw sin leikne regi gjer teaterforestillinga til ein tragikomisk fest som kan vere attkjenneleg for dei fleste.

Brageteatret er stolte av å presentere dette humoristiske skråblikket på små og store utfordringar i kvardagslivet. 
Me tør håpe du forlét salen med meir optimisme, mykje å diskutere, og ein god dose sjølvironi.


På Scena: Dagrun Anholt, Mathilde Skarpsno, Halvor Schultz, Håkon Nielsen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Preben Lillebø Rongve.

Dramatikar: Rune David Grue
Omsetjar: Frode Gjerløw
Regissør: Frode Gjerløw
Dramaturg: Nora Evensen
Musikk: Frode Gjerløw
Lysdesignar: Martin Myrvold
Scenografi og kostyme: Frode Gjerløw
Sparringspartnar visuelt: Vincent Vernerie

Forlag: Nordiska ApS – nordiska.dk

Premiere: Brageteatret 5. april 2024.

 

Burger & teater:
Ta deg ein god matbit før du kjem på forestilling!
Me samarbeider med Bear House Burger om ein skikkeleg heilaften.
Kjøp billetten "Burger og teater", og vis den når du kjem til Bear House Burger.