Om huset

Ål kulturhus vart opna i 1992 og er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset ligg midt i sentrum av Ål, Sundre. Både riksveg 7 og Bergensbanen går gjennom Ål, så det er enkelt å kome seg hit. Ål ligg midt i mellom Oslo og Bergen.

Ål kulturhus inneheld to amfisalar som blir brukt til kino, konsertar, teater, dans, konferansar, møter og seminar.

I huset finn ein Ål kulturskule, Ål turistinformasjon, Ål bibliotek, Ål Utvikling AS, Galleri Syningen med skiftande utstillingar, Nesch-museet og rosemålingsutstillinga Hallingrosa.

Sumaren 2015 vart MAKALAUS - eit nytt kontorfellesskap i kjellaretasjen på Ål kulturhus opna. Her arbeider unge folk i kreative næringar. Les meir om kontorfelleskapet og moglegheitene for å leige plass her: Makalaus

Ynskjer du å leige møterom eller sal kan du ta kontakt med oss på aal.kulturhus@hallingnett.no

Les meir om leigevilkåra våre her: Leigevilkår