4. Omvisning i Nesch-museet
Om arrangementet
Omvisning i Nesch-museet
Me inviterer deg som treng litt kulturelt påfyll, som kjenner behov for oppfriskning, som har sommargjester på ein gråværsdag, eller som berre tilfeldigvis er forbi.
Me vil fortelje om Rolf Nesch sitt liv før og etter at han kom til Ål, om utvalde epokar og verk gjennom eit langt kunstnarliv.
Det kostar kr. 70,- pr. person å besøkje Nesch-museet, gruppepris (10 personar eller meir) kostar kr. 50,- pr. person.
Me tek ikkje ekstra betalt for omvisinga.
NB! Billett kjøper du i skranken før omvisninga (ikkje på nett).
Er de ein liten/større gjeng (maks 15) som ynskjer omvising på andre tidspunkt, så ta kontakt med kulturhuset:
tone.oppsato@aal.kommune.no
Tlf: 905 92 345 - 464 46 251
Velkomen skal de vera!
Helsing oss på Ål kulturhus
Dette er tidspunkta for omvisning:
23. juni kl. 13.00
25. juni kl. 10.00
30. juni kl. 15.00
02. juli kl. 10.00
07. juli kl. 13.00
09. juli kl. 15.00
