13 måneder

Om filmen

Originaltittel: Ser du månen, Daniel

Premiere: 2020-05-29

Varighet: 2t 19min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15 år

Originalspråk: Dansk

Regissør: Niels Arden Oplev og Anders W Berthelsen

Den sanne og utrulege historia om Daniel Rye, 23 år gamal dansk fotograf som sat 398 dagar i IS-fangenskap. Sitat frå dansk presse: "Ulidelig spennende" "Nervepirrende og dypt rørende" "Aktuelt og skremmende stykke Danmarkshistorie" Filmen fortel historia om Daniel Rye sitt fangenskap i det omtalte IS-fengselet i Raqqa i Syria, der fleire vestlege gislar, m.a James Foley, vart haldne fanga i 2013/2014. I filmen følgjer me Daniel sin kamp i fengselet, vennskapet med Foley, parallelt med korleis familien heime i Danmark handterer frykta for å miste sonen og korleis dei prøver å forhandle med dansk regjering på den eine sida og terroristar på den andre. Filmen er basert på Puk Damsgård sin bestselgjar "Ser du månen, Daniel", og filmen er sett av nesten ein halv million i Danmark. Den er kritikarrosa og har sanka danske filmprisar for beste hovudrolle, birolle og manus samt publikumsprisen. Regien er ved Niels Arden Oplev kjent for "Menn som hater kvinner", og co-regien ved skodespelar Anders W. Berthelsen (Krøniken). Prisløna Espen Smed har hovudrolla som Daniel, og han er omgjeve av svært sterke birolle-karakterar.