90 år med Hallingdølen – bli med på festforestilling!

Om arrangementet

Det blir musikk, humor og lokalhistorie når Hallingdølen markerer 90 år som lokalavis.
Me inviterer til ein jubileumskveld med tre sterke namn på scena!

Tidlegare redaktør, Bjarne Tormodsgard, tek oss med gjennom Hallingdølen si historie og er innom hendingar som har prega og endra avisa. Her får du historia om ei lokalavis som har våga å gå sine eigne vegar, men også om Hallingdal og måten me som bur og lever her har bidrege i avisspaltene gjennom 90 år.

Stein Torleif Bjella tek med seg gitaren og serverer sine viser på kjend vis, med skildringar og skråblikk berre ein poet busett i Øvre-Ål kan klare. 
Det alle ikkje veit er at Stein Torleif også har ei 10 år lang karriere som journalist i Hallingdølen. 

Ken André Ottesen, betre kjend som BAdesKen, stiller med sitt skarpe blikk på det rikhaldige universet til lokalavisene. Me kan garantere solide doser gapskratt når Ken Andre kjem i siget med sin godmodige harselas over stort og smått frå lokalavisverda. Kanskje er det ikkje alt som burde ha vore på trykk……?

Programleiarar er Lillian Holden og Ola Stave.


Sidan 1936 har Hallingdølen følgd store og små hendingar i alle bygder, og prøvd å halde innbyggjarane informerte og opplyste, slik ei god lokalavis skal. No vil me invitere til ein kveld der me feirar dei 90 fyrste åra med ei festforestilling i Ål kulturhus. 

Servering av kaffe og kake.


Foto:
Stein Torleif Bjella - Ole Johs. Brye
Ken Andre Ottesen - Helle Therese Kongsrud