a-ha: The Movie

Om filmen

Originaltittel: a-ha The Movie

Premiere: 2021-09-03

Varighet: 1t 49min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Thomas Robsahm, Aslaug Holm

"a-ha The Movie" følgjer Morten Harket, Pål Waaktaar-Savoy og Magne Furuholmen på turné, og fortel samtidig historia om tre tenåringar som drøymde om å bli verdskjende popstjerner. Med unik tilgang på bandet i notid, samt bruk av ukjent arkivmateriale, fortel filmen korleis tre svært ulike kreative personlegdomar har gjeve oss stor musikk og internasjonal suksess. Men filmen syner også korleis skyhøge musikalske ambisjonar har ført til konflikt og trøblete vennskap i fleire tiår. Kan dei igjen skape musikk saman? Då "Take On Me" toppa Billboard-hitlista i 1985, gjekk draumen i oppfylling. Dei er framleis enormt populære, 35 år etter gjennombrotet, og er Noregs største popsuksess gjennom tidene. "Take On Me" passerte sommaren 2019 éin milliard avspelingar på YouTube.