A Minecraft Movie

Om filmen

Originaltittel: A Minecraft Movie

Premiere: 2025-04-04

Varighet: 1t 40min

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Original

Regissør: Jared Hess

"A Minecraft Movie“ er den fyrste spelefilmen for det store lerretet basert på det bestselgjande videospelet gjennom tidene – Minecraft. Filmen er regissert av Jared Hess og har Jack Black og Jason Momoa i hovudrollene. I filmen spelar også Emma Myers ("Wednesday“), Oscar-nominerte Danielle Brooks ("The Color Purple“), Sebastian Hansen ("Just Mercy“) og Jennifer Coolidge ("The White Lotus“).

Velkomen til Minecraft-verda, der kreativitet ikkje berre hjelper deg å skape, det er avgjerande for overlevinga di! Ein kvartett med snålingar – Garrett "The Garbage Man“ Garrison (Jason Momoa), Henry (Sebastian Hansen), Natalie (Emma Myers) og Dawn (Danielle Brooks) – slit med heilt vanlege problem når dei brått blir dratt gjennom ein mystisk portal inn i Oververden: eit bisarrt, kubisk eventyrland som blir drive av fantasi. For å kome seg heimatt må dei meistre denne verda (og beskytte henne mot fæle ting som piglins og zombiar) medan dei legg ut på eit magisk oppdrag med ein uventa eksperthandverkar – Steve (Jack Black). Eventyret vil utfordre alle fem til å vere dristige, og gjenopprette bindeleddet med eigenskapane som gjer kvar enkelt av dei unikt kreative… rett og slett det dei treng for å trivast i den verkelege verda.