Kulturskulekonsert med melodiar frå kinomørket

Om arrangementet

Har du lagt merke til kor viktig musikken er i ein film? 
Tenk berre på korleis James Bond-låtane har vorte ein del av identiteten til filmane, eller korleis opningsfanfaren til Star Wars dreg oss rett inn i ein galakse langt, langt borte. Musikken frå Pirates of the Caribbean gir oss kjensla av eit storslått eventyr, medan tonane frå Titanic framleis rører oss med My Heart Will Go On.

Denne kvelden inviterer musikkelevane ved Ål kulturskule til ein konsert der dei framfører favorittlåtane sine frå filmverda. Elevane har valt musikk som betyr noko for dei, og det blir ei reise gjennom både norske og utanlandske filmar – frå gamle klassikarar til nyare produksjonar.
Musikken spenner frå romantisk og stemningsfull til energisk og humoristisk, framført på alt frå piano til band. 

Velkomen til ein kveld fylt med musikk som gir nytt liv til kjende filmopplevingar!


Foto: Tor Folgerø/Hallingdølen