Ål-korets julekonsert 2025

Om arrangementet

«Stille natt, Heilage natt, Gud gjev jorda voni att» - Erik Hillestad.
 
Det nærmar seg jul og for mange er førjulskonsert ein kjær tradisjon og eit etterlengta pusterom i ei travel tid. Me treng å markere at mørketida snart er over og at lysare tider ventar. I ei uroleg verd må me òg ha von om, og tru på, at det ikkje berre er sola som snur.
 
Ål-koret inviterer til tradisjonell julekonsert!
Me har fått med oss inspirerande og dyktige musikarar og gler oss til å framføre masse flott musikk.
I år har me tatt for oss den nolevande walisiske komponisten Karl Jenkins og skal framføre fleire av hans melodiske og vakre stykker.
Det blir folketonar frå middelalderen og norske julesongar frå vår tid.
Så blir det sjølvsagt også meir tradisjonell julemusikk,- kjende og kjære julesongar som har vore med oss i generasjonar.
 
Medverkande:
Elisabeth Walker på piano,
Rebecca Lofft på fiolin og hardingfele
Audun Flaen, orgel.
Dirigent er som alltid vår kjære Arild Rønsen
 
Me lovar vakre tonar, ekte julestemning og ei fin stund.