Ål kulturskule: Snødans

Om arrangementet

Snødans

Ål kulturskule har over 200 danseelevar i eit nyskapande miljø med høg kvalitet og breidde.
Me ynskjer velkomen til ei varm desemberforestilling med alle dei flinke dansarane våre på scena. Her blir det stor variasjon i musikk- og dansesjangrar. Me feirar dei nye lokala våre ved å syne fram gleda, energien og kjærleiken elevane våre har til dansen.  

Dansarane ved Gol kulturskule er invitert til å dele scena med oss, og me ynskjer dei spesielt velkomne som gjesteartistar i denne framsyninga.  

Velkomen til store og små!

Koreografi: Trude Saksen, Rannveig Øygardslia og Mari Vaagland.