Hallingdølen, nynorsken og hallingmålet
Billettar
Om arrangementet
Velkommen til ope møte tysdag 10 november kl 18, i Veslesalen på Ål Kulturhus.
Hallingdølen fekk Ål kommunes målpris i fjor, året før 90-årsjubileet no i haust.
Tidlegare redaktør Bjarne Tormodsgard fortel om språket i Hallingdølen, nynorsken og hallingmålet – både sett frå innsida og uttafrå.
Kven skreiv, korleis skreiv dei, og kva verknad fekk skrivinga for språket i Hallingdal og i Noreg?
Deretter blir det dialektkviss – akkurat passe vanskeleg for både hallingar og ikkje-hallingar.
Det blir også sal av adventskalender for 2026, med nye hallingord i alle lukene og innebygd lotteri.
Det blir høve til å sikra seg adventskalenderen på møtet!
Fri inngang - kaffi og noko attåt
Arrangør: Ål og Hol Mållag
