Åleine -samtale med Oddmund Vestenfor, v/Ål kyrkjeakademi

Om arrangementet

Samtale med Oddmund Vestenfor

Oddmund Vestenfor er opprinneleg frå Ål, men er busett i Gol og arbeider som lektor ved Gol vidaregåande skule. 

Sommaren 2016 vart Oddmund ramma av sjukdommen Gullain-Barré syndrom. Dette er ein autoimmun sjukdom som gir lammelsar. Oddmund vart hardt ramma, og han vart liggande under intensiv behandling i over ni månader, og vidare i ein lang rehabiliteringsprosess etter dette. Han er no ganske frisk, og tilbake i full jobb. Då Oddmund var på det sjukaste, var han ute av stand til å kommunisere med omverda, sjølv om han var heilt vaken og fekk med seg alt som skjedde rundt han. Denne kvelden vil Oddmund dele med oss nokon av dei erfaringane han gjorde seg gjennom denne svært krevande tida.

Korleis er det å vere så åleine fordi ein ikkje kan gje signal til dei rundt seg om korleis ein har det?
Korleis er det å vere så prisgitt andre menneske - og andre menneske sine vurderingar og val utan å kunne påverke kva dei gjer?

Han vil dele med oss litt av angsten og smertene han opplevde, men og det håpet som vart formidla til han då det var som mørkast.