Amanda

Om filmen

Originaltittel: Amanda

Premiere: 2019-11-01

Varighet: 1t 47min

Sjanger: Drama

Originalspråk: Fransk

Regissør: Mikhaël Hers

Amanda er ein sterk og rørande film, som med utgangspunkt i den verst tenkelege hendinga, fortel ei hjartevarm historie om å kome vidare - for David og Amanda, og for heile Frankrike.

David er ein dagdrivar. Han lever frå hand til munn, med diverse småjobbar og er eigentleg ganske fornøgd med det. Men ein dag blir livet til David endra totalt: Under eit terrorangrep i Paris blir syster hans, Sandrine, drept, og kjærasten Lena hardt såra. I tillegg til sjokket og smerten, får David også ansvaret for den 7-årige niesa Amanda. David må prøve å kome vidare i livet og ta seg av Amanda. Men kan ei lita jente som har mista det viktigaste i verda få att håpet?