Annie v/Skarvebarna - UTSETT! (Ny dato kjem)

Om arrangementet

Musikal med Skarvebarna

NB! Forestillingane som skulle vore 1. og 2. mai er dessverre utsett.
Nye datoar kjem seinare.
Dersom du har kjøpt billett vil den/dei gjelde også på ny dato.

******************************

Forteljinga om Annie går føre seg i 1933, under depresjonen i USA. Annie bur på ein barneheim i New York, der Miss Hannigan, ein drukkenbolt utan skruplar, er bestyrar. Annie bestemmer seg for å rømme for å finne foreldra sine, men ho blir fort fanga opp av politiet og sendt attende til barneheimen. I mellomtida har Grace Farrell, sekretæren til den ubeskriveleg rike Mr. Warbucks, dukka opp og vil låne med seg eit barn til Warbucks for å feire jul.

Annie er heldig, og julebesøket blir ein suksess. Warbucks blir sjarmert av vesle Annie og vil adoptere henne, men Annie lengtar etter dei ekte foreldra sine og trur dei vil kome og hente henne ein dag. Warbucks set i gang ein storstilt leiteaksjon, med hjelp frå sjølvaste president Roosevelt og FBI. Han lovar bort ein dusør til dei som kan bevise at dei er Annie sine foreldre. Dusøren fangar sjølvsagt interessa til den vonde Miss Hannigan, den småkriminelle broren Rooster og kjærasten hans, Lilly. Dei pønskar ut ein plan om å innkassere pengane og deretter kvitte seg med Annie for godt. Så oppsøkjer dei Warbucks og gjev seg ut for å vere foreldra til Annie, Mr og Mrs Mudge.

Musikalen Annie blir spelt av Skarvebarna, og det er 35 born og ungdommar frå Hovet, Hol og Geilo som står på scena.


Basert på boka av Thomas Meehan.

Musikk av Charles Strouse
Songtekstar av Martin Charnin
Omsett til norsk av Andreas Disen
Tilpassing av manus: Ingjerd Almås Anfinset
Regi og instruksjon: Jonas Rejdemo og Ingjerd Almås Anfinset