Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim - EKSTRAFORESTILLING!!
Om arrangementet
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle desse åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land. Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk. Tida er inne for å leggje desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verda. Tida er inne for å byggje bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturleg brubyggjar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkeleg setje seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i heimlandet til elitetenkinga, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandstilknyting, med to hundre innbyggjarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og byggje bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Noreg før, og likar det svært godt, med dei tre soloforestillingane sine; «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete». Sistnemnde var basert på boka med same namn, som toppa bestselgjarlistene i Noreg i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storselgjande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».