Skjerm barna – Foredrag v/Maja Lunde

Om arrangementet

Korleis teknologien tok over barndomen og kva me kan gjere for å ta den attende.
Eit foredrag for deg som syns at ungane er for mykje på skjerm og vil bidra til å ta barndomen tilbake! 

Eit barn som brukar mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke om lag 30.000 timar på mobilen. Det er tre og eit halvt år. Eller 15 årsverk. Veldig mange barn og unge brukar mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det er 60 årsverk det.

Mobilen, algoritmane, eig tida til barnet. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra; leike, sove, røre seg, lese, dagdrøyme og vere saman med andre. Samtidig stig tala på psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata rasar. Me har gjeve barna fri tilgang til applikasjonar og dingsar som me vaksne knapt greier å handtere. Til sosiale medier som krev ei mental modenheit barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjernen deira framleis er under ombygging. Me har berre gjort det, fordi me trur det digitale har kome for å bli. Dei einaste som tener på det er tek-gigantane. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, det har ikkje kome for å bli. Det kan me fjerne eller endre. Dette foredraget syner deg korleis.

Hallinghelse og Folkehelsegruppa i Hallingdal og Nesbyen kommune inviterer til gratis foredrag med Maja Lunde.