Askeladden og prinsessen i Trollfjellet

Om arrangementet

Ei magisk familieforestilling frå Teater Manu

Spennande og morosam (og akkurat passe skummel) barne- og familieforestilling som er basert på fleire norske folkeeventyr. Forestillinga har visuelt teiknspråk og effektfulle kostymer, som vil bidra til å gjere bodskapen tilgjengeleg for både døve og høyrande.

Forestillinga er fritt basert på norske folkeeventyr, og mange av dei kjente og kjære skikkelsane frå eventyra er med. Askeladden dreg ut på ei farefull reise til Trollfjellet for å redde Prinsessa. Han må bruke alle dei gode eigenskapane sine på å finne vegen dit og på å overmanne det store trollet. Men dessverre har han også ein bror som følgjer etter og vil lure Askeladden. Og trollet vil absolutt ikkje gje frå seg Prinsessa. Det blir spennande å følgje med på alle utforingane Askeladden får undervegs – vil han greie det?

Forestillinga varar i ca 55 minutt.

Instruktør/stemmeskodespelar:
Bentein Baardson
Scenograf/ kostymedesign:
Ingeborg Kvamme
Språkkonsulent: Sølvi Zuckermann
Maske/parykk: Helena Andersson
Lysdesign: Martin Myrvold
Lyddesign: Erik Hedin