BAdesKen: Ja, vi elsker dette landet

Om arrangementet

Eit humorshow du ikkje har sett maken til!

Rare og morosame saker frå landets lokalaviser har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale medier.
No tek Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg norgesturné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentleg er.

Vil nordlendingane nokon gong lykkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingar verkeleg mindre begava enn 
trøndarar? Er sørlendingar meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentleg nokon andre enn austlendingar som bryr seg om austlendingar?

Showet er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tek i særleg grad hensyn til innavl hjå publikum.
Men fyrst og fremst beviser BAdesKen at Noreg ikkje berre er verdas beste land. Det er også det mest morosame!