Erik Mogeno - Livet med dukker

Om arrangementet

Alle menneske drøymer om å bli noko. Nokon vil bli profesjonell fotballspelar. Nokon vil bli lege, nokon vil bli verdskjend artist. Erik ville bli buktalar!
Livet med dukker er ei forestilling du ikkje har sett makan til. 
I 75 minutt dreg Erik publikum med inn i eit univers der det meste kan snakke, det meste kan leve og i tillegg er det hysterisk morosamt. Me får stifte bekjentskap med den spydige og jentegalne kanina Kalle. Erik sin sure og alltid negative gamle bestefar Kjell. Totningen Alf. Den snusfornuftige allergikaren Herman Andre og den nevrotiske rotta Geir. I tillegg til fleire heilt nye karakterar.

Livet med dukker handlar i bunn og grunn om det som tittelen seier. Korleis det er å vekse opp på ein liten stad, og ha ei såpass sær interesse? Erik Mogeno slo igjennom i 2010 etter han sikra seg finaleplass i Norske Talenter på Tv2. Etter dette tok han underhaldninga som eit levebrød og har reist landet rundt med showa sine.

Erik Mogeno slo igjennom i 2010 etter at han sikra seg finaleplass i Norske Talenter på Tv2. Etter dette tok han underhaldninga som eit levebrød og har reist landet rundt med showa sine. Han har gjennomført over 3000 forestillingar.
Dei to siste åra har han og dokkene hans gjort det stort i sosiale medier, og fleire av videoane hans har gått viralt på Tik Tok, YouTube og Facebook, og har per i dag over 25 millionar visningar.
Det er sjeldan det blir laga forestillingar som 3 generasjonar kan reise saman på og ha like mykje glede av. Men dette har vore Erik sitt mål sidan han byrja å skrive dette showet i starten av 2021.

Så ta med deg barn, barnebarn, besteforeldre, eller vennegjengen og gjer deg klar til å bli underhalde av Erik Mogeno og dei herlege karakterane hans.


Tilrådd for alle frå 6 år.