Barndom under krigen v/Ellen Schrumpf

Om arrangementet

I 1946 vart det lyst ut ein skulestilkonkurranse i heile Noreg, der 7.-klassingar skulle skrive om eigne minne frå 2. verdskrigen. Stilar vart sendt inn frå heile landet, også frå Hallingdal. Dette er ei unik kjelde til kunnskap om korleis norske barn opplevde krigen.


I høve 75-årsjubileet for frigjeringa har Ål bibliotek invitert professor Ellen Schrumpf til å fortelje om dette. Her er historier der heltar, skurkar og nasjonal identitet spelar ei viktig rolle.
Ellen Schrumpf er professor i historie, og har særleg arbeidd med barndomshistorie og kultur- og sosialhistorie.