Barnedisko med DJ Kattejammer
Billettar
Om arrangementet
Me gjentek suksessen!
Velkomen til ein time med hopp og sprett, sving og svai, kryp og krål, tøy og bøy for små og store i Sprang.
DJ Kattejammer spelar alle born sine favorittsongar, og musikk du kanskje aldri har hørt før. Felles for alle låtane er uansett at dei er fine og rare og artige å danse til! Det blir heilt sikkert songar om mat og dyr og om pappaer som dansar. Kanskje kjem det også ein song på tyrkisk, eller på portugisisk?
Barnedisko passar for alle frå 2-8 år.
Dei aller yngste bør ha med høyrselsvern.
Ta med deg ei danseglad gommo, ein spretten onkel eller ei svinsete mamma, og bli med!
Du kan gjerne kle deg ut.
Det blir også mogleg å få ansiktsmåling frå kl 13.00.
Gratis inngang!
Sal av diverse forfriskingar.