Barneoperaen Yggdrasil
Billettar
Om arrangementet
Velkomen til Yggdrasil - kunnskapens tre!
Her møter du ekornet Ratatosk og fuglen Vidhofnir, som er gode vener (sjølv om Vidhofnir er litt sjefete) og glade i song og musikk.
Her møter du ekornet Ratatosk og fuglen Vidhofnir, som er gode vener (sjølv om Vidhofnir er litt sjefete) og glade i song og musikk.
Vidhofnir og Ratatosk fortel om æser og menneske, og om korleis verda til vikingane vart skapt. Med seg opp i treet har dei ikkje mindre enn 10 instrument av ulike slag, og eit planetarium syner stjernebileta Karlsvogna, Orions Belte og Polarstjerna i taket!
Framsyninga tek utgangspunkt i norrøn mytologi, og publikum blir tekne med på ei interaktiv reise der dei kan vere med på å redde Ratatosk frå vonde slangar, dersom dei hjelper Vidhofnir med å syngje. Publikum blir kjende med norrøne sagn, nordisk mellomaldermusikk og eldre stjerneformasjonar.
Musikken er basert på historiske kjelder og inneheld instrument som middelalderharpe, blokkfløyter, trommer, fiolin og song.
Framsyninga høver for born frå 4 til 10 år, og varar i 35-40 minutt.
Etterpå er det lov til å kome nærare og sjå på og prøve nokre av instrumenta.

Med Linnéa Sundfær Casserly og Inga Mathilde Gorset.
Gratis inngang for born og ungdom opp til 21 år.