The Dancers' Brew m/Barokksolistene og Mamelukk

Om arrangementet

Då The Alehouse Sessions og Mamelukk Dansekompani møttes i eit spontant samarbeid ved Den Ny Opera i Danmark fann dei umiddelbart tonen. Boblande av gjensidig beundring og inspirasjon har dei no kokt saman eit heilt nytt samabeids- prosjekt. I møtet mellom to ensemble med føtene godt 
planta i tradisjon og ein felles hug etter leik og nyskaping, har dei brygga i hop ei forrykande forestilling. 

Her virvlar dei opp drikkeviser og slåttestev i ein mikstur av musikalske krumspring og danserisk virtuositet. 
Musikk og dans, musikarar og dansarar smeltar saman i ei sprudlande oppleving me ser fram til å dele med dykk.

Fyll opp glasa og syng med!


Mamelukk Dansekompani:
Silje Risdal Liahagen
Silje Onstad Hålien
Anita Vika Langødegård
Brigitte Blomlie

Barokksolistene:
Bjarte Eike - fiolin/kunstnerisk leiar
Per Buhre - bratsj/vokal
Milos Valent - fiolin/vokal
Fredrik Bock - barokkgitar/charango
Johannes Lundberg - kontrabass
Hans Knut Sveen - harmonium/ keyboards
Helge Norbakken - slagverk
Steven Player - dans/barokkgitar


Foto: Knut Utler


Bjarte Eike og Barokksolistene
Barokksolistene vart starta av Bjarte Eike i 2005 og er no kjent som eit av verdas mest dynamiske og spennande ensemble innan feltet historisk oppføringspraksis. Eike og Barokksolistene er kjent for sin uslåelege kombinasjon av virtuos musisering og plettfritt ensemblespel. Dei jobbar heile tida med å nå ut til nye publikumsgrupper – og deira utforsking av m.a. folkemusikk, improvisasjonsmusikk, dans og historieforteljing fører til unike konsertopplevingar som trekkjer fulle hus over heile verda.

Barokksolistene har ei open tilnærming til det musikalske materialet med mykje improvisasjon, humor i formidlinga og blanding av sjangrar. Ensemblet sitt populære konsept The Alehouse Sessions, der dei gjenskapar den musikalske og sosiale situasjonen på vertshus i England på 1600- og 1700-talet, er illustrerande for Barokksolistene sine humoristiske sceneopptredenar og virtuose teknikk.

Bjarte Eike og Barokksolistene har skapt furore og hausta lovord over heile Europa og i USA med The Alehouse Sessions og andre produksjonar. 

Anmelderen frå London’s The Spectator skreiv etter ei Alehouse-forestilling i London’s juridiske kvartal: “…  you haven’t lived until you’ve heard a hall full of pinstriped QCs bellowing like dockers …”

Både CD-innspelinga The Alehouse Sessions (2017) og oppfølgjaren The Playhouse Sessions (sleppt september 2022) har vorte motteke med strålande kritikk av norsk og internasjonal presse. The Playhouse Sessions var nyleg «Editor’s Choice» i Gramophone Magazine og fekk strålande omtaler i britiske, tyske og nederlandske media. 

The Alehouse Sessions vart filma for BBC og hadde premiere april 2023. Premieren vart ein av dei mest sette musikkfilmar i Storbritannia nokon gong. 

Bjarte Eike, grunnleggjar og kunstnerisk leiar for Barokksolistene, er ein av dei fremste barokkfiolinistne i Skandinavia. Han er fødd og vaks opp i Gjøvik og har utdanning frå Griegakademiet i Bergen og hjå Richard Gwilt i London. Han har medverka på eit stort antal plateinnspelingar og har undervist barokkfiolin på Norges musikkhøgskole i Oslo, og ved Det Kongelige Musikkonservatorium i København. Han er kjent for å utfordre grenser i klassisk musikk, og når eit breit publikum med det leikande og medrivande spelet sitt.

 

Mamelukk dansekompani består av sterke, kvinnelege dansarar med ei felles kjerne i folkemusikk og -dans. Kompaniet er kjent for ei saumlaus samanfletting av musikk, dans, tradisjon og samtid. Utforsking av musikalitet, stemmebruk og feminin tolking av både lyrisk og eksplosivt rørslemateriale med rot i folkedansen står sentralt i kompaniet sitt kunstnarlege uttrykk. Som kvinnelege hallingdansarar har dei måtte kjempa for plassen sin i ein mannsdominert sjanger. Hallingdansen har primært vore utvikla av menn, og dei ynskjer å utforske hallingdansens kraft, uttrykk og form med kvinnekroppen som utgangspunkt.


Silje Onstad Hålien er dansar, koreograf, og kunstnarleg leiar for Mamelukk Dansekompani. Ho er kjent for forestillingar som "Livmødre", “101 hattar å sparke før eg døyr” og "Dei gamle er eldst", og gjennom rolletolkingar på Västanå teater, Det Norske Teatret og Riksscenen. Sidan bachelorgraden i moderne dans i 2007 har ho vore sentral i utviklinga av den sceniske folkedansen.
I det kunstnarlege virket sitt brukar Silje folkedansen og folkemusikken i eit moderne uttrykk. Ho har ei eiga evne til å kombinere tradisjon med fornying, og til å skape rom der publikum blir dregne inn i den leikne og kraftfulle estetikken og det slåande samspelet mellom musikk og dans som Silje nyttar i historieforteljinga si. Ho er kjend for å løfte fram attkjennbare tema og tilgjengeleggjere folkemusikken og -dansen for eit breidt publikum. Silje har vorte kåra til Årets folkemusiker og er også fyrste og einaste kvinne i Norge kvalifisert til Eliteklassa i hallingdans.