Bergman Island

Om filmen

Originaltittel: Bergman Island

Premiere: 2022-01-28

Varighet: 1t 52min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Mia Hansen-Løve

Ein herleg og romantisk film plassert i det vakre og solfylte landskapet på øya Fårö i Sverige som vil få deg til å drøyme deg bort til varmare dagar og kanskje gløyme vintermørket litt. Dei amerikanske filmskaparane Chris og Tony trekkjer seg attende for sommaren på vakre Fårö. I dette ville og vakre landskapet, der Bergman levde og skapte nokre av dei mest kjende verka sine, håpar dei å finne inspirasjon til dei komande filmane dei vil lage. Store delar av tida nyttar dei kvar for seg, og ettersom dagane går blir Chris sin fascinasjon for øya stadig større, og ho byrjar å tenkje attende til sin fyrste kjærleik. Chris og Tony blir rivne vekk frå kvarandre, litt etter litt, då linjene mellom verkelegheit og fiksjon etter kvart blir viska ut.