Black Panther

Om filmen

Tittel: Black Panther

Premiere: 2018-02-14

Varighet: 2t 14min

Sjanger: Action Drama Sci-Fi

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Ryan Coogler

I samband med at hovudrolleinnehavar Chadwick Boseman døydde av kreft 28. august i år, vel me å syne nokre visningar av filmen "Black Panther" frå 2017 på Ål kino for å heidre denne fantastiske skodespelaren. I Marvel Studio sin "Black Panther" møter me T'Challa, som etter at far hans, Kongen av Wakanda, har døydd, kjem heim til ein isolert, teknologisk avansert afrikansk nasjon for å overta trona og ta sin rettmessige plass som konge. Når ein mektig, gamal fiende vender attende blir T'Challa sine evne som konge - og Black Panther - sett på prøve. Han blir dratt inn i ei formidabel konflikt som set Wakanda og heile verda i fare. Stilt overfor forræderi og fare, må den unge kongen samle sine allierte og sleppe Black Panther si fulle kraft fri for å sigre over fiendane og sørgje for at folket hans er trygge og kan leve liva sine utan frykt.