Boblershow

Om arrangementet

Er du klar for ein skikkeleg feelgood-kveld? 

La oss beruse deg!

Denne forestillinga er ei saleg blanding av standup, sang, dans, foredrag og gode historier. Det blir rett og slett fest, fjas, alvor, og ikkje minst nyttig læring! 

Gjengen kjem med konkrete tips om korleis du kan få det betre med deg sjølv og korleis få meir glede i livet. Systrene Thorhallsdottir deler interessante og morosame historier og Tore Petterson kjem til å synge og fortelje nært og personleg om sine dyrekjøpte erfaringar i livet. Tema i standup-delen blir om ulikskapane mellom den kvinske og mannske ordboka, korleis me knotar og rotar i relasjonane våre og korlies livet sjeldan blir slik me såg for oss. Me lovar at du kjem til å bli rørt, inspirert og ikkje minst le - masse! Ynskjer du at det boblar og brusar meir i blodet? Då er du så hjarteleg velkomen på Boblershow!


Dora Thorhallsdottir:
Standup-komikar med tre soloforestillingar bak seg, den siste, “Overganger” vart spelt over heile landet i 2,5 år. Ho er også forfattar, etterspurt foredragshaldar (om relasjonar), EQ-terapeut, samt styreleiar og grunnleggjar av EQ Institute. I tillegg til å vere programleiar i podcastane Relasjonspodden og Hetebølgen (om overgangsalderen). 

Bjørg Thorhallsdottir:
Populær kunstnar med ein haug av separatutstillingar dei siste 20 åra, gründar og skaparen av Hjertefred. Bjørg har også illustrert og skrive mange bøker, den nyaste er heiter “Bjørgs Glede og Fryd”. Ho står også bak Lykkebobler (cava) og Gintastic (gin). Og ikkje minst: Destinasjon Glede (eit års kursløp for å få meir glede i livet).

Tore Petterson:
Kanskje mest kjent som tv-tittar på NRKs SOFA, som bonde i fyrste Farmen Kjendis på TV2, eller som dansedommar i fem sesongar på Skal vi Danse. Han har også ei lang karriere bak seg som jazzsangar og 16 år på scena som komikar. Tore er også EQ-terapeut, og har dei siste 8 åra reist land og strand rundt som ein svært ettertrakta foredragshaldar.