Brageteatret: Stor cis-energi

Om arrangementet

Innkalling:
Det blir personalmøte laurdag 18. februar kl. 1800.
Her skal me gå gjennom lærerplanen, diskutere skula si deltaking i pride, baksnakke grusomme elevar og ete vaflar.

NB! Me advarer om bruk av sensitiv tematikk, sterke virkemiddel og lausskot.

I Stor cis-energi ynskje me å gje det unge publikumet vårt ei interaktiv teateroppleving utanom det vanlege. Ein lærerstab, leia av ein svært tydeleg assisterande rektor, blir kasta inn i ein debatt der alle prøver å halde på den gode stemningen. Det er kome inn ein søknad frå ein elev som ynskjer å bytte lag, over til det motsatte kjønnet. Ein vikar i dans, ein rektor, ein norsklærar, ein handballærar og ein fotballærar frå idrettslinja må balansere seg gjennom ulikskapar og usemjer med mål om å finne ei akseptabel løysing.
«Stor cis-energi» set fokus på eit tema som vekkjer nokre av dei sterkaste kjenslene og reaksjonane i vår tid: kjønn, privatlivet til skeive og rettane til transpersonar.

Teaterforestillinga blir spelt i ein intim setting, der publikum kjem tett på både karakterane og kjenslene. Publikum sit på stolar i ein firkant rundt speleområdet. På denne måten vil publikum kjenne seg som ein del av personalet, og med på møtet. Spennande og nært.


Med: Elli Rhiannon Müller Osborne, Janne Heltberg Haarseth, Rebekka Jynge, Hamza Kader, Aleksander Varadian Johnsen, Sebastian Warholm, og Elisabeth Heradstveit.

Manus, regi og scenografi: Even Torgan

Kostymeansvarlig: Karoline Sundsrud

Lysdesigner: Gard Gitlestad

Dramaturg: Oda Radoor

Manuskonsulent: Fanny Vaager

Plakatfoto: Leikny Havik Skjærseth

Stor Cis-energi er Brageteatret sin femte produksjon i kategorien brage_ung, for målgruppa ungdom/unge vaksne 16-26 år.


Rabatt for grupper over 10 personar. Ta kontakt med kulturhuset på tlf 32 08 51 00 eller aal.kulturhus@hallingnett.no.
Dette gjeld også for dei som har Scenekort. 


Sjå Stor cis-energi for kr 100,-!
Gjennom bizzy-appen kan du oppleve meir kultur i Viken til ein billegare pris!
Bizzyappen samlar event frå små og store arrangørar rundt om i fylket, som høver for deg mellom 13-21 år. Appen er gratis å laste ned og gratis å bruke. Der vil du få informasjon om det som skjer og samtidig få gode rabattar på det du ynskjer å reise på.
Sjekk ut appen på SoMe eller i appstores: https://play.google.com/store/apps/details?