Brødrene Johansen
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Brødrene Johansen
Premiere: 2023-05-05
Varighet: 1t 20min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: A
Originalspråk: Norsk
Regissør: Trude Ottersen
Brødrene Johansen er ein dokumentar om brorskap og tilhøyrsle. Ei varm og litt annleis oppvekstforteljing, der bygdemenn blømer, både ved å bryte og ta vare på tradisjonar.
På ei øy langt mot nord, inni ein fjord, ligg Kråkrøhamn. I den før så folkerike bygda, som no husar berre 25 innbyggjarar, bur familien Johansen. Fem brør har i eit halvt århundre delt gode og vonde dagar på slektsgarden saman med mor og far. Fiskaren Jan Ivar likar livet som det alltid har vore, medan geitebonden Idar drøymer om kjærleik. Eit hjartevarmt portrett av brørne, sterkt krydra av høvdingen i huset, mor Kjellrun, som samstundes viser eit nord-norsk kystsamfunn og den tradisjonelle fiskarbonden sin plass i den brytningstida vi lever i no.