Call of the Wild - Når villdyret våkner

Om filmen

Originaltittel: Call of the Wild

Premiere: 2020-02-21

Varighet: 1t 39min

Sjanger: Eventyr

Aldersgrense: 9 år

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Chris Sanders

Basert på Jack London sin klassiske roman "Når villdyret våkner" om hunden Buck sin kamp for å overleve i Alaska. Buck lever eit godt og behageleg liv i California, men heile tilværet hans blir snudd på hovudet då han brått blir tatt vekk frå heimen sin og sendt til den eksotiske villmarka i Alaska under Gullfeberen på 1890-talet. Gjennom å vere ein del av eit hundesledeteam opplever Buck sitt livs største eventyr og finn til slutt sin sanne plass i verda. Med ei blanding av live-action og animasjon brukar "Call of the Wild - Når villdyret våkner" banebrytande visuelle effektar og animasjonsteknologi for å gjere dyra i filmen så autentiske som mogleg. I filmen spelar Harrison Ford, Dan Stevens, Omar Sy, Karen Gillan, Bradley Whitford og Colin Woodell. Chris Sander (Dragetreneren) regisserer frå eit manus skrive av Michael Green (Mord på Orientekspressen).