Champagne frå A-Å

Om arrangementet

Champagne er ein av verdas mest prestisjefylte vinar, og det er kun musserande vin frå regionen Champagne i Frankrike som har lov til å kalle seg champagne. 

I denne smakfulle reisa skal me dykke ned i ulikskapane mellom dedikerte små produsentar og store kommersielle produsentar.

Me skal utforske Grower champagne, som ofte blir merka med “RM” (Récoltant Manipulant). Dette er vinar der vinbonden som eig vinmarka også produserer vinen. Kjenneteiknet ved desse vinane er at dei legg pengane i kvaliteten og ikkje nødvendigvis i marknadsføringa.

Me skal saman smake på fire Grower champagnar og samanlikne dei med éin kommersielt produsert champagne. Kjell-Tore Senkpiel, som har jobba som kokk i 25 år og er ein erfaren sommelier, vil guide oss gjennom denne spennande smaksreisa.