Christiania Klangkollektiv: Skogens løyndom
Billettar
Om arrangementet
Skogen rommar eit heilt univers av liv, løyndom og fortryllande stemningar – ein rikdom som til alle tider har inspirert kunstnarar.
Dei impresjonistiske komponistane fanga magien i naturen slik målarane fanga leiken til lyset på lerretet: gjennom glitrande klangfargar, eksotiske melodiar og rytmer som bølgjer som vinden i tretoppane.
Når Ål i april får besøk av tre musikarar på internasjonalt toppnivå, opnar døra seg til denne poetiske verda. Publikum får eit sjeldan høve til å oppleve musikken slik den ein gong var tenkt – framført på dei instrumenta han var skriven for på byrjinga av 1900-talet – og la seg omslutte av eit klangunivers der natur og draum smeltar saman.
I denne konserten møtast tre komponistar med kvar si unike historie og klangverd: Claude Debussy, impresjonismen sin meister, Mel Bonis, som lenge var gløymd, men i dag trer fram som ei av dei mest originale røystene i si tid – ein kvinneleg pioner som kombinerte det drøymande vakre med emosjonell kraft i musikken sin, og Lili Boulanger – eit vidunderbarn som skreiv seg inn i musikkhistoria før ho gjekk så altfor tidleg bort.
Saman byr dei på ei gripande blanding av lidenskap, poesi og livsglede i eit program som spenner frå intime voggesongar og lyriske nattscener til glitrande impresjonistiske perler og ein av dei mest betydningsfulle kammermusikksonater for fløyte, bratsj og harpe frå 1900-talet.
For dette spesielle repertoaret på denne konserten har dei norske musikarane Torun Torbo og Mari Giske fått med seg den tyske harpisten Eva Curth med si originale Érard harpe frå 1893.
Torun Torbo - fløyte
Mari Giske - bratsj
Eva Curth - harpe
