Cirkus Cirkör: Bloom

Om arrangementet

Dei blir rekna for å vere Nordens beste nysirkusartistar.

Hald deg fast - no kjem Cirkus Cirkör til Ål kulturhus!

I forestillinga Bloom blir du beden inn til ei verd full av blomar, klassisk musikk og eineståande sirkus. Ensemblet består av fem internasjonale multitalent som vil gjera verda til ein betre stad gjennom å foreine glede, redsle og risiko med grundige førebuingar. Kvardagen vår er full av stress og bekymring. Me kjenner oss pressa til ikkje å stikke oss ut, og eit forsøk på å vere annleis blir gjerne sett på som fyrste steget mot å mislykkast. Me eig fleire ting enn nokon gong, og me ser perfekte ut på alle foto. Men gjer det oss verkeleg lykkelege?

I Bloom omfamnar artistane kvardagens krav. Med kreativitet og sirkuskunster blir dei negative kjenslene og redslene til poesi. Når artistane flyg gjennom lufta, hoppar sprangbrett, svingar seg i trapesar og reip, lyftar kvarandre og utfører par-akrobatikk, er dei eit bilete på heile sjela til sirkuset; 
Du treng ikkje tilpasse deg normen. Du skal vera like unik som du kjenner deg!

Familieforestilling som høver for alle frå 4 år.
Forestillinga varar ca 1 time.


Artistar: Ben Collis, Elisabeth Künkele, Felix Greif, Moa Karlsson/Sofia Mendez, Philomène Perrenoud. 

Scenemeister/turnéleiar: Luc Perrenoud 
Lysdesign: Carlos Ferrer 
Regi, konsept, scenografi og lyddesign: Julien Auger 
Regi, konsept, scenografi og kostymedesign: Sade Kamppila