CODA

Om filmen

Originaltittel: CODA

Premiere: 2021-11-19

Varighet: 1t 51min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: A

Originalspråk: Tegnspråk, Engelsk

Regissør: Sian Heder

Sytten år gamle Ruby (Emilia Jones) er den einaste høyrande i ein ellers døv familie. Ho er det som blir kalla ein CODA - Child Of Deaf Adults. Ein stor del av livet til Ruby dreier seg rundt å vere omsetjar for foreldra sine (Marlee Matlin, Troy Kotsur), og å jobbe på fiskebåten til familien kvar dag før skuletid ilag med faren og broren (Daniel Durant). Men då Ruby blir med i skulekoret, oppdagar ho eit musikk- og sangtalent utanom det vanlege, samstundes som ho byrjar å falle for sangpartnaren sin, Miles (Ferdia Walsh-Peelo). Då ho så blir oppmuntra av musikklæraren til å søkje om studieplass på ei prestisjefylt musikkskule, blir Ruby sett i ein vanskeleg og emosjonell skvis mellom pliktkjensle overfor den døve familien sin, og ei brennande lyst til å følgje sine eigne draumar.