Daniel Kvammen - Akustisk

Om arrangementet

"Absolutt klining"

Daniel Kvammen returnerer endeleg til det akustiske formatet med ein heilt spesiell og intim konsertserie. Med seg har han 20 milionar streams og dei aller flottaste låtane sine i akustisk form. Sjeldan har vel ein musikalsk heimkomst vore meir på sin plass.

Kvammen har sidan han brakdebuterte med si heilt særeigne tilnærming til norsk visepop i 2015 vorte kjent for dei mange sjangermessige krumspringa og stadig ekspanderande popsound. Hausten 2022 returnerer han til det akustiske formatet med samleplata «Absolutt klining».

Geilos store son har aldri vore kjent for å gjere noko halvvegs og han sparar verkeleg ikkje på kruttet denne gongen. Med seg har han eit sett med kjente og kjære låtar som vitnar om ein artist som har vorte ekte folkekjær sidan debuten for sju år sidan.

Sjølv seier Kvammen:
«Eg trur ikkje det har gått ein einaste kveld, ila dei siste 7 åra, med tusenvis av konserter rundt om i Norge, utan at nokon i publikum har kome spurt om eg kan gi ut ein akustisk versjon av favorittlåta deira. Det skal bli skikkeleg, skikkeleg stas å endeleg få gi folk det dei har spurt etter. Eg trur det kan bli nokre heilt magiske konsertar. Eg gler meg så utruleg til turne»

Me kan melde om ein Kvammen i storform. Dette er ei konsertoppleving du verkeleg ikkje vil gå glipp av.


Foto: Simon Skreddernes