Dans: KAUK // Magnus Myhr
Billettar
Om arrangementet
Det kryr av rasshøl og troll
og hets, kontroll og vold
Men a Mimmi mint mæ på dealen:
«Det e du som kjøre herre bilen»
Magnus Myhr har i mange år og gjennom soloframsyningar tematisert den skeive kroppen, feminine strategiar, trøblete oppvekst, og har til og med lært seg å spele harpe. No kjenner han berre for å kauke og danse. Så då gjer han det!
I KAUK slepp Magnus laus det skeive raseriet med hjelp av triks og skills frå riktig gamle dagar. Fordi han treng det, i håp om at det kanskje kan hjelpe, og for at det ikkje skal bli borte. For at han ikkje skal bli borte.
Ko-produksjon: Black Box teater, Rosendal Teater, RAS – regional arena for samtidsdans. Samarbeidspartnar: SPRANG – landsdelscene for dans, DansiT. Støtta av: Norsk Kulturråd, FFUK, Bergersenstiftelsen, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord og Oslo kommune. Takk også til
Melanie Fieldseth, Hildur Kristinsdottir, Eivind Seljeseth og Tale Hendnes.
Koreograf/utøvar/prosjektansvarleg: Magnus Myhr
Kunstnarleg katalysator: Terje Tjøme Mossige
Komponist og musikar: Ingvild Langgård
Tekst: Jørgen Strickert
Rom/lys: Elisabeth Kjeldahl Nilsson
Hattemakar: Signe Becker
Kauk- og lokkelærar: Synnøve Brøndbo Plassen
Dreielire og sekkepipe: Espen Høyem
Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand
Teknikar: Arne Lindberget
Foto: Alette Schei Rørvik
Barn/ungdomspris til 25 år.
Støtta av Buskerud Fylkeskommune si ordning Ung deltaking.
Forestillinga varar ca 1 time, og høver frå ca 16 år (noko eksplisitt språk).
