Dans meg no baklengs inn i fuglekassa!

Om arrangementet

Danseframsyning med Ål kulturskule

Det finst nokre forteljingar som aldri blir gamle. For over seksti år sidan lét ein gut frå Alvdal fantasien få lange bein. Han teikna, fortalde og dikta fram eit heilt univers av oppfinnsame originalar, skrå humor og varme menneske. Guten heitte Kjell Aukrust. I dette universet møter me den evige optimisten Solan Gundersen, den varsame og ettertenksame Ludvig og oppfinnaren Reodor Felgen, som alltid har eit eller anna på gang i verkstaden. 

Denne hausten har danseelevane ved Ål kulturskule fått boltre seg i det same universet. Dei har utforska korleis Solan spring gjennom livet med brystet først, korleis Ludvig uroar seg for det meste – og korleis fantasien kan få sjølv dei mest merkelege oppfinningar til å flyge. På scena møter du 
dansarar, draumar, oppfinnarglede, vinterstemning og eit dryss av ekte Flåklypa-magi. Kanskje dukkar det opp både sykkelpumper, måneskin, fuglekasser og ein og annan idé som eigentleg ikkje burde fungere – men som gjer det likevel.
Alt er mogleg! 


Koreograf: Marte Medgard Skår
Produsent: Iris Almås Tangeraas
Teknisk: Hallingdal Lyd og Ål kulturhus