Dans: Clean Bastards

Om arrangementet

- En rengjøringsdans

Er du også lei av timevis med skrubbing av golv, vasking, tørking av kjøkken- og baderomsflater og å rydde opp leiker, bøker og klede? Har du fått nok av å måtte bøye deg i alle retningar for å få vaska heime? Å lage rot er enkelt, men å rydde opp er ei stor oppgåve som mange kanskje helst vil unngå.

Grensa mellom ei forestilling og eit sjølvhjelpskurs blir utfordra når tre dansarar set reingjeringsrutina under lupa. Ved å setje denne handlinga i fokus og vurdere kor viktig den er, ynskjer Clean Bastards å hylle reinhaldarar og oss alle som bidreg til denne grunnleggjande delen av samfunnet vårt.


Forestillinga varar i ca 60 minutt.


Koreografi: Martijn Joling

Utøvarar: 
Amy Pender 
Carl Joseph Aquilizan
Yohei Hamada

Ytre auge: Geir Hytten
Kostyme: Nanako Oizumi


Co-produsert av: Bærum Kulturhus – Dans Sørøst-Norge, Sprang, Dansekunst i Østfold, Frontlosjefestivalen, Bergen Dansesenter-kompetansesenter for dans i Vestland, Østfold Internasjonale Teater.

Med stønad frå: Kulturrådet og Fond for lyd og bilde

 

Forestillinga blir produsert på Ål kulturhus, Sprang i februar-22.