Nysirkus/dans: 1 + 1
Billettar
Om arrangementet
Ei forestilling om tillit, nærleik og ansvar. 1+1 syner gleda ved å vere saman i livet, men også frykta for å miste nokon ein har kjær. Forestillinga er eit håp om å skape rom for både dette sårbare og magien ved å lyfte i flokk. Fangar du meg viss eg fell? Lovar du å ikkje gje slepp?
Går de ein annan veg viss eg ser bort? Me dykkar ned i det sårbare som oppstår når me spør om hjelp og nærleik, og det vanskelege som kan oppstå når me ikkje kan eller vil hjelpe. Eller kan me kanskje alltid hjelpe?
KompaniTO er eit norsk sirkus- og dansekompani grunnlagt i 2014 av Tamar Ohana Goksøyr og Mari Dahl Stoknes.
Dei jobbar i skjæringspunktet mellom sirkus, dans, fysisk teater, musikk og tekst, for å skape scenekunst som er open, utfordrande og imøtekomande.
Forestillinga varar i 50 minutt. Framsyninga er spesielt laga for ungdom - og deira familiar.
Med og av: KompaniTO - Tamar Ohana Goksøyr og Mari Dahl Stoknes
Scenografi og kostymer: Tamar Ohana Goksøyr og Mari Dahl Stoknes
Ytre auge: John Simon Wiborn og Huy Le Vo
Lysdesign: Benjamin Fjellmann
Lyddesign: Alexander Eldefors (Fonomonik)
Co-produksjon: "VELT! ”
Av Bærum Kulturhus - Dans Sørøst-Norge i samarbeid med Sprang Landsdelsscene for dans og Nøtterøy Kulturhus.
"VELT!” er støtta av Sparebank-stiftelsen DNB
Ytterlegare co-produsentar: Nordisk teaterlaboratorium og FRIKAR Fjelldansen
Foto: Troels R. Fuglsang