De elendige

Om filmen

Originaltittel: Les Misérables

Premiere: 2020-02-28

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Action, Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Fransk

Regissør: Ladj Ly

Ei opprivande og kraftfull skildring av urettferd, sosial ulikskap og konsekvensane av eit klassedelt samfunn. Den viktigaste filmen i 2020. "De elendige" er eit engasjerande og intenst drama der handlinga går føre seg i Montfermeil, ein drabantby utanfor Paris der delar av Victor Hugo sin roman "Les Misérables" frå 1862 også utspelte seg. I dag er avstanden til eliten og raseriet i folket skremmande likt. Drabantbyen eksploderer i raseri når ei politieinig alvorleg skadar ein ung gut under ei pågriping, der hendinga blir fanga på video av ein av ungdomane i nabolaget. Oscar-nominert til beste utanlandske film og vinnar av Juryprisen under filmfestivalen i Cannes 2019.