Den finast eg veit (merk: desember 2020)

Om arrangementet

Hellbillies i ny drakt

Hellbillies har gjennom fleire tiår begeistra oss med frodige skildringar av den norske folkesjela, vanlege folk og kjende omgivnadar. Om motbakker og hjartesorg, håp og draumar. Med sine enkle og jordnære strofer fylt av kjærleik til det kvardagslege, treffer tekstane oss. De råkar, gjer oss innsikt i eige liv og eit spark i sjela.

Med utgangspunkt i et utval Hellbillies-låtar har Sandra Kolstad arrangert eit spennande musikalsk landskap for desse innsiktsfulle historiene, sett saman og regissert av Frank Kjosås. Fem skodepelarar med band vil gje deg musikkteater på sitt beste når Teater Innlandet med dette feirar 10 år som Innlandets eige regionteater.

Og når dyna varmar kring oss båe to
i mørke natta
ska eg kviske i øyra ditt og svara på
koffår du æ den finast eg veit


På scena: Anne Guri Tvedt, Sunniva Du Mond Nordal, Stian Isaksen, John Nyutstumo, Tom Styve og Sandra Kolstad med band
Regi: Frank Kjosås | Musikalsk ansvarlig: Sandra Kolstad | Scenografi: Gjermund Andresen