Den siste filmen

Om filmen

Originaltittel: Den siste filmen

Premiere: 2023-02-24

Varighet: 1t 23min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 12

Regissør: Karianne Førland Vennerød og Olaug Spissøy Kyvik

«Er det en film man skal se i 2023 så er det denne» – Filmmagasinet «En vemodig fest. Men en fest like fullt.» – VG «Rørende, engasjerende og veldig god» – NRK «Intet mindre enn fantastisk presentert. Vennerød-dokumentarens rikholdige og svært godt sammenskrudde potpurri er en fest.» – Dagsavisen «Usedvanlig nært og fint portrett av en mann som gikk sine egne veier» – Cinema

Dei grensesprengjande filmskaparane Svend Wam og Petter Vennerød utvida grensene for kva det norske kinolerretet kunne tillate seg av sylskarp samfunnskritikk, nyskapande mangfald og hemningslause nakenscener. Ikoniske sitat frå filmane deira lever vidare i populærkulturen i dag, som «Snurp igjen smella di, du maser jo som et lokomotiv!» I Den siste filmen vil Petter Vennerød ta publikum med på ei siste filmreise, men det hastar. Han har fått Parkinson, og Petter har begrensa med tid før ord og tankar forsvinn. Med hjelp frå kona Karianne deler han ope frå eige sjukdomsforløp. Samtidig reflekterer han over ei lang karriere som ein filmskapar som «sparka i alle retningar» medan han kjempa for alle som sto utanfor. Gjennom unikt arkivmateriale, energiske glimt frå Wam og Vennerød-filmane og personlege opptak, møter me kjærleik til livet, til mennesket og til filmforteljinga. Den siste filmen er ein rørande og livsbejaende dokumentar som Petter Vennerød ikkje fekk fullføre sjølv. Filmen er fullført i regi av kona Karianne Førland Vennerød og Olaug Spissøy Kyvik.