Det andre offeret

Om filmen

Originaltittel: Det andet offer

Premiere: 2025-05-30

Varighet: 1t 32min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Dansk

Regissør: Zinnini Elkington

«Det andre offeret» følgjer den dyktige legen Alexandra, som under ei hektisk vakt på sjukehuset tek på seg ekstra ansvar. Midt i ein travel kvardag gjer ho ei feilvurdering som får eit tragisk utfall. Alex står midt i stormen og må no ta konsekvensane. Med eit intenst portrett av vår menneskelege natur, får «Det andre offeret» oss til å reflektere over at me alle kan ta feil, og styrken i å akseptere at me ikkje alltid kan ha kontroll. «Det andre offeret» er ein kritikarrosa film, regissert av danske Zinnini Elkington. Hovudrolla blir spelt av Özlem Salganmak, og i filmen spelar også Trine Dyrholm og Iman Meskini, kjent frå mellom anna SKAM og Pørni.