Det e hardt å være b**ch

Billettar

Om arrangementet

Ei personleg konsertforestilling om makt.
Av og med Iren Reppen.

Iren Reppen er klar med siste del av ein trilogi om å vere … noko. Det starta med Det e hardt å være mainn, då Iren Reppen var ung skodespelar og artist. Ei rekkje erfaringar rikare har ho no kome fram til at det Det e hardt å være bitch.

For i mellomtida har livet tatt uventa vendingar. Ho har fått innsikt i korleis det bles på toppane etter ein periode som sjef, m.a. som den fyrste kvinnelege teatersjefen ved Hålogaland Teater. Gjennom ei eventyrleg reise har ho sett seg sjølv og teateret frå ulike sider.

I dette eventyret frå verkelegheita, møter me ei jente som voks opp med store draumar, og som etter kvart får draumane oppfylt. Med dette følgjer også stor makt. Men kva er makt? Er det så stas som alle vil ha det til? Og kva ventar eigentleg på den andre sida?

Gjennom eigne sangtekstar til musikk av Svein Gundersen, leiar Iren Reppen oss rundt i eit landskap basert på eigne erfaringar, håp og draumar.

Regi: Nils Petter Mørland
Tekst: Iren Reppen
Musikk: Svein Gundersen

Bass: Gjermund Silset
Gitar: Håvard Bendiksen
Trommer: Kenneth Ekornes
Fele og fløyte: Joseph Angyal

Foto: Dag Jenssen

Det er hardt å være b**ch blir spelt på turne i Viken i veke 40, 42 og 43, 2021.

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret, Brageteatret, Hålogaland Teater og Iren Reppen.
Reppen har fått manusutviklingsstøtte frå Dramatikkens hus.