Det ender med oss

Om filmen

Originaltittel: It Ends With Us

Premiere: 2024-08-09

Varighet: 2t 10min

Sjanger: Romantikk, Drama

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Original

Regissør: Justin Baldoni

DET ENDER MED OSS, filmen basert på den populære boka til Colleen Hoover, er endeleg klar for det store lerretet!

Lily Bloom (Blake Lively) startar eit nytt liv i Boston, og ynskjer å oppfylle ein livslang draum om å opne sin eigen blomerbutikk. Ein dag møter ho, heilt tilfeldig, den sjarmerande nevrokirurgen Ryle Kincaid (Justin Baldoni). Forholdet deira slår umiddelbart gnistar, men etter kvart som dei to blir djupt forelska, byrjar Lily å sjå urovekkjande sider ved Ryle som vekkjer minne frå barndomen. Når den fyrste kjærleiken hennar, Atlas Corrigan (Brandon Sklenar), brått dukkar opp i livet hennar att, blir forholdet med Ryle sett på prøve. Lily innser at ho må finne styrken i seg sjølv for å ta eit umogleg val for framtida. DET ENDER MED OSS er regissert av Justin Baldoni og produsert av Alex Saks, Jamey Heath og Christy Hall. I rollene spelar Blake Lively, Justin Baldoni, Jenny Slate, Hasan Minhaj, Amy Morton og Brandon Sklenar. Manus er skrive av Christy Hall, basert på Colleen Hoover si bok med same namn.