Det kvite gullet

Om filmen

Tittel: Det kvite gullet

Varighet: 1t 40min

Saman med Bergensbanen var kraftutbygginga den store pådrivaren for framveksten av det moderne Hallingdal. Dette er dokumentarfilmen om «det kvite gullet». Produsert av Filmprodusentane AS.

I 1909 drog ein ung møbelsnikkar og gardsgut frå Hovet til Saaheim i Telemark. Til byen som kort tid etter vart døypt Rjukan. Her starta krafteventyret til Hallingdal. Eit eventyr som har tilført hallingane milliardar av kroner. Som sikrar nok straum til nærare 250 000 husstandar. Og som på mange område var ei pionerutbygging. Sjå denne krafthistoria i dokumentarfilmen ”Det kvite gullet.”