Det siste brevet fra deg

Om filmen

Originaltittel: The Last Letter from Your Lover

Premiere: 2021-07-30

Varighet: 1t 50min

Sjanger: Drama, Romantikk

Aldersgrense: A

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Augustine Frizzell

Jennifer mistar hukommelsen i ei bilulykke på 60-talet. Kjærleikshistoria hennart får nytt liv gjennom journalisten Ellie i notidas London. Jennifer lever eit luksusliv saman med den velståande og innflytelsesrike ektemannen, Laurence. Etter at ho mistar hukommelsen i ei ulykke, må ho kjempe for å finne attende til kven ho er. Ein dag finn ho gåtefulle kjærleiksbrev gøymt heime i huset. Dei lidenskaplege linjene avslører den ulukkelege affæren hennar med journalisten Anthony O’Hare og fører til at ho til slutt finn seg sjølv att. Jennifer si historie blir fletta saman med Ellie si, ein journalist i notidas London. Ho finn fleire intense kjærleiksbrev i arkivet og blir fengsla av historia frå ei svunnen tid. Forsøket hennar på å setje saman breva med hjelp frå arkivaren Roy, tek henne på ei reise som vev saman liva til begge kvinnene for alltid. Filmen er basert på Jojo Moyes sin suksessroman med same namn.