Det vakre året i Provence
Om filmen
Originaltittel: La belle année - det vackra året
Premiere: 2026-06-05
Varighet: 1t 35min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: 6
Originalspråk: Original
Regissør: Angelica Ruffier
Ei inderleg forteljing om tap, lidenskap og ein umogleg ungdomskjærleik.
Når pappaen til Angelica døyr, må ho og broren reise frå Stockholm attende til barndomsheimen i Avignon i Sør-Frankrike – eit gamalt hus fullt av rot, nostalgi og minne om den autoritære faren dei flykta frå for så lenge sidan. I oppryddinga av huset oppdager Angelica dagbøkene sine frå tenåra, med forteljingar om den hemmelege kjærleiken til historielæraren Sylvie, eller Mademoiselle S. Gjennom dagbøkene smeltar notid og fortid saman og huset blir ein stad der Angelica kan gjenoppleve minne, fantasiar og begjær, og sjå attende på hendingar som forma henne. Etter kvart som ho bearbeider fortida blir ho gripe av ein lengsel etter å møte Mademoiselle S. att - kvinna, som utan å vite det sjølv, har spelt ei avgjerende rolle i livet til Angelica. Det vakre året i Provence er ein stemningsfull og gripande dokumentarfilm om tap, arv og ein umogleg ungdomskjærleik som uventa blussar opp att. Ei forteljing der sorg, syskenskap og lidenskap blir vevd saman i eit varmt portrett som viser korleis kjærleik og førebilete formar oss til å bli dei me blir. Vinnar av juryprisen på Rotterdam filmfestival 2026.
