Dianas bryllup

Om filmen

Originaltittel: Dianas bryllup

Premiere: 2020-09-25

Varighet: 1t 27min

Sjanger: Komedie

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Norsk

Regissør: Charlotte Blom

Komedien "Dianas bryllup" er ein høglytt hyllest til dei som hiv seg hovudlaust inn i kjærleiken. Om to som aldri sluttar å elske kvarandre, sjølv om dei i periodar ikkje tåler trynet på kvarandre. Det er 29. juli 1981. Lady Diana Spencer går ned kyrkjegolvet saman med Prins Charles i ærverdige St. Pauls katedral i London. Same dag står også eit anna bryllaup, i kantina til Borregaard Industrier. Der er det bryllaupsfest for det nygifte paret Liv og Terje. I barnevogna ligg den nyfødde dottera Diana, som skal sjå mykje rart i åra som kjem. Liv og Terje sin heisatur av eit ekteskap blir observert frå sidelinja av Diana, heilt frå ho er baby til ho flyttar heimefrå. Alt ho kan sjå er verdas verste foreldre som på ingen måte gjer så godt dei kan. Når det så 30 år seinare skal stå endå eit bryllup, og det er Diana som skal gifte seg på eit gods i Sverige, står nervene i høgspenn. Og verre skal det bli.