Doctor Strange in the Multiverse of Madness

Om filmen

Originaltittel: Doctor Strange in the Multiverse of Madness

Premiere: 2022-05-04

Varighet: 2t 6min

Sjanger: Action, Komedie, Eventyr

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Sam Raimi

Doctor Strange in the Multiverse of Madness frå Marvel Studios opnar multiverset og flytter grensene lenger enn nokon gong før.

Reis inn i det ukjende med Doctor Strange, som ved hjelp av gamle og nye allierte, kryssar underlege og farlege alternative verkelegheiter i multiverset for å konfrontere ein mystisk ny motstandar. Filmen skyv fantasy-sjangeren i ein mørkare og meir skumlare retning. I starten av Doctor Strange si reise inn i mystikken si verd, blir han stilt overfor ei verd mykje større enn han greier å forstå. Den Gamle seier «Viss eg fortel deg alt, vil du springe herifrå i frykt"... Regissør Sam Raimi er ein meister i skrekk og spenning, og er ikkje ny i superheltuniverset. Han har tidlegare regissert og produsert «Darkman» i 1990 og den originale Spider-Man trilogien. NB! Vi gjer merksam på at filmen inneheld fleire sekvensar med blinkande lys som kan påverka dei som har lysfølsam epilepsi eller har andre former for lyssensitivitet.