Don't Look up

Om filmen

Originaltittel: Don't Look up

Premiere: 2021-12-10

Varighet: 2t 25min

Sjanger: Drama, Komedie

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Adam McKay

Astronomistudenten Kate Dibiasky (Jennifer Lawrence) og læraren hennar, dr. Randall Mindy (Leonardo DiCaprio), gjer ei forbløffande oppdaging av ein komet som går i bane i solsystemet vårt. Problemet er berre det at den er på kollisjonskurs med jordkloden. Det andre problemet? Ingen ser ut til å bry seg. At eit objekt på storleik med Mount Everest er på veg til å utslette jorda, er ei ubeleileg sanning som folk flest helst ikkje vil vite av. Med hjelp frå dr. Oglethorpe (Rob Morgan) legg Kate og Randall ut på ein medieturné som fører dei frå kontoret til den likegyldige presidenten Orlean (Meryl Streep) og den sleske sonen og stabssjefen hennar (Jonah Hill), til studioet til det energiske frokostprogrammet, The Daily Rip, med vertane Brie (Cate Blanchett) og Jack (Tyler Perry). Det er berre seks månader til kometen treff, men forsøket på å få merksemd i flaumen av nyheiter samt å advare ei befolkning som er besett av sosiale medier, før det er for seint, syner seg å bli sjokkerande komisk. Kva skal til for å få verda til å lyfte blikket?! DON'T LOOK UP er skrive og regissert av Oscar-løna Adam McKay ("The Big Short") og har også Mark Rylance, Ron Perlman, Timothée Chalamet, Ariana Grande, Scott Mescudi (også kjent som Kid Cudi), Himesh Patel, Melanie Lynskey, Michael Chiklis og Tomer Sisley på rollelista.